Gardsbutikken er mykje besøkt, og har mange faste kundar. Velkomen til ein spennande butikk der du finn varer som speglar årstida vi er i. Vi har også eit stort gartneri som er lokalisert same stad.
På Stend har det vore skuledrift sidan 1866. Tidlegare Hordaland fylke kjøpte eigendomen til jordbrukskulegard for fylket. Dei med interesse for historia, kan lese meir om skulen sin historie ein annan stad på heimesida.